Velkommen til Alverbutikken

Nettbutikk med meining

Til nettbutikk

GLØDE ARBEIDSINKLUDERING AS

litt om oss

alverbutikken.no er ein nettbutikk med varer frå vekstbedrifta Gløde AS som ligg i Nordhordland.

Dette er ei bedrift som tilbyr arbeid til personar som treng tilrettelagt arbeid. Gløde tilbyr i tillegg arbeidstrening, avklaring og tiltak som skal hjelpa personar ut i ordinært arbeid. Vårt hovudformål og samfunnsoppdrag er å gje gode tilbod til våre deltakarar gjennom ulike tiltak. Eit resultat av dette er at me produserer ei rekke med ulike flotte produkt og tenester som vi ynskjer å gjere lettare tilgjengeleg for alle potensielle kundar. Difor har me starta nettbutikk med meining. Butikken er organisatorisk lagt inn under Gløde Arbeidsinkludering (org. 928 131 157) 

Vekstbedrifter er ein samlebetegnelse for bedrifter som er med i arbeidsgjevarorganisasjonen ASVL. Nettbutikken vil også vere ein viktig og god treningsarena for deltakarar i tiltak. 

 

 

 

Me er opptatt av bærekraft og vil så langt som mogleg ta omsyn til dette i val av emballasje, transport og i produksjon av våre varer og tenester.

Vårt mål er at butikken skal:  

  1. Vera brukarvennleg
  2. Vera lett tilgjengeleg og alltid open
  3. Yta god service
  4. Sikra rask ordrehandtering. 
  5. Vera trygg å handla i
  6. Gje meiningsfull arbeidstrening.
  7. Auke omsetninga av våre produkt
Tastatur

bestselgere

populære kategorier

Gryteklut

Bærbar PC

Glass hus

Tastatur

PC Skjerm

Skjermer